Tuesday, June 3, 2014

Hasundhornet 533 moh


Hasundhornet må vel vere den mest besøkte toppen i Ulstein kommune. For å finne starten på stien tar du av fra riksvei 61 mellom Hareid og Ulsteinvik og køyrer grusveien mot Fjelle. Der er to stier opp mot Hasundhornet..den første du møter på er  slakk og ca 1.5 times gange.. mens den andre er litt brattere og ca 20 - 30 minutt å gå.  Begge stiane er merka med treskilt nede ved veien, og der er parkeringsplass.
Kan vere bløtt i marka første delen av turen.Her ser vi tilbake etter å ha gått eit lite stykke oppover.. du kan så vidt sjå grusveien, og parkeringsplassen som rett ned her.




Det er ikkje uten grunn at folk legg turen hit. Etter ein kort tur blir du belønna med ein fantastisk utsikt


Hasundhornet har også ein post i Hødd sin fjelltrim og turen her gir 5 poeng, samler du mange nok poeng kan du få pokal.. artig det :P


Dette var ein nydelig dag! Fantastisk utsikt mot havet og øyane



Ser nesten ut som det er flyfoto! Her mot Dimnøya, ser så vidt Kleven verft til høgre

 


Her mot Ulsteinvik

Det er også ein fin tur å gå vidare fra Hasundhornet og over til Flåna og Garnestua, ein tur som om du tar den kortaste veien til Hasundhornet tar litt over 2 timer ( i min gangfart i alle fall). Det får bli ein annan gang :-)

You can get it if you really want





Prøver å kome i bedre form, slanke meg ikkje minst, men også få meir energi og overskudd.  Treningstudio er ikkje noke for meg, så satser på å bruke den flotte naturen vi har rundt om her. Å gå tur gjer godt for både kropp og sjel.. yep.. merker det godt :-)



Jimmy Cliff sine oppmuntrande ord tar eg med meg på veien: You can get it if you really want!